Nordfjordeid, midt i Nordfjord. - Alt i ein fjord!
Bu midt i Nordfjord – fjorden som har «alt»
Bu i hjartet av det rike kulturlivet, handelstilbodet og alle dei andre moglegheitene Nordfjordeid har å by på.
Besøk Harpefossen om vinteren med unike vinteraktivitetar, eller opplev den ekte festivalstemninga på Malakoff i nydeleg sommarvêr. Ta ein fjelltur i nærområdet og nyt den klare og reine Nordfjord-lufta.
På berre ein times tid kan du vindsurfe eller besøkje strendene ute ved storhavet, eller oppleve breane og dei høge fjella i Stryn. Her har du eit mangfald av naturopplevingar rett utanfor døra – året rundt!